tirsdag 13. mai 2008

Prosjekt til fordjupning del. 2

Dagen i dag har vert ganske så hektisk. Den byrja ganske fint med to timars undervisning av Tomas Morell. Tomas fortalte korleis han tok bilder av folk, ved å få det til å sjå som om dei sveva i lufta. Eg blei ganske så imponert av at han var så flink som han var, sidan han berre var 2 år eldre enn meg. Undervisninga hans var lærerik, og han ga inspirasjon til korleis ein teke kunstbilete.

Resten av dagen hadde me Synnøve Astrid. Og med det forsette prosjekt i fordjupning for oss alle. Nokre få reiste heim, medan nokn blei att ei stund på skulen. Eg var igjen på skulen til klokka var ca halv 2. På den tida fekk eg teke bilete av rektoren, noko som var ganske viktig for at eg skulle få skrive ferdig saka heime i dag også. Eg tok også nokre bilete av russen som hadde samla seg utanfor på plassen mellom allmen og Campus. Oppgåva og ta bilete av dei var ikkje noko enkel, for nokre av russen hadde svært lyst til å legge kamera mitt inne i gangen og dra meg ut for vassdynking, men slapp heldigvis undå det.

Heime i dag skal eg skrive ferdig saka, ordne bilete til saka. Saka skal sendast til Synnøve Astrid så fort eg er ferdig å skrive, og deretter skal ho sede den til Sogn Avis i morgon.

Dagen i dag blir sett av til mykje skriving med tanke på at eg skal samle alt stoffet og få ei sak ut av det. Ikkje nok med det skal eg ha ei powerpointframføring i norsk i morgon, så her er det berre å ta fatt i skrivinga. Det gjer meg ingenting at eg har mykje å gjere, det berre hjelpe meg til å få meir pågangsmot til å få eit ferdig produkt som eg kan vere stolt av å seie "Dette har eg laga".

Ingen kommentarer: