Portefolio-Bilete
Fotooppgåve 2MKA veke 46-47.
Ta tre eller fire bilete og lag ein collage i Photoshop. Bruk teknikken de har lært om beskjæring. frilegging, kopiering og flytting til ein ny fil. Bruk fleire "layers" i prosessen om du vil. Hugs å justere lys, farge og kontrast før du kopierer ting frå orginalfilene. Prøv å knytte dei forskjellige bileteelementa saman til ein heilskap, gjerne bruk av fargar. tekst og anna innhald.
Collage skal vere i A-4-format, ståande eller liggande, og den skal ha eit overordna tema som de kan bestemme sjølv.
Døme: Haust, glede/sorg, ungdom.
Framgansmåte og oppgåva:
Til å byrje med på dette fotoprosjektet hadde me litt undervisningstid samen med Ole Kristian. Han viste oss lysbilde-serie av vakker norsk natur, og mellom anna nokre solnedgangar osv. Etterpå blei me sett i grupper på 3 & 3. Me tok bilete av kvarandre og brukte eksempel "Nasen til Ola, Ansiktet til Simon og Håret til Sigrid", ved dette lærte me oss å markere visse objekt på eit bilete og klippe det over på på eit anna. Resultatet blei mange morosame bilete, og ein god læring innan hjelpemidla innan photoshop.
Læreplanmål:
Bruke blender, lukker, brennvidder og ISO-verdier på kamera
Planlegge, gjennomføre og vurdere produksjoner i tekst, bilder, lyd og kombinasjoner av disse i ulike formater og til ulike medier
Eg bestemte meg fort for at collagen skulle få tema haust. Eg ville i tillegg at den skulle vere enkel, og at budskapet var lett å skjønne. La stor vekt på å finne motiv som ein lett kunne sjå hadde med haust/hauststemning/haustvèr å gjere.
Brukte ganske lang tid på å ta bilete, og fekk dermed mange bra bilete, og fekk til slutt problem med å velgje kva slags bilete eg ville bruke. Eg enda derfor opp med to forskjellige collagar, der den eine blei levert inn.
I mine motiv brukte eg, trær, epler, visne blomar, og la mykje vekt på at landskapet blei trekt fram slik at ein såg hauststemningen.
torsdag 8. januar 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar