mandag 14. april 2008
Utplassering veke.15 Os og Fusa posten!
Fyrste dagen på utplassering. Det tok meg heile 3 kvarter før eg kom meg fram til Os, der avisa eg skulle vere på utplassering hjå hadde lokale sitt. Det tok meg ikkje mange minuttane å finne fram. (Med litt hjelp av ein hyggeleg fyr på Narvesen, gjekk alt som smurt). Når eg kom fram, blei eg teken i mot av redaktøren(Christian) og resepsjonistdama (Anne Lise). Redaktøren tok meg med ein gang med på redaksjonsmøte, der eg traff mange av dei andre folka som jobba i avisa. Dei gjekk gjennom saker, diskuterte osv. Etter dette fikk eg ein liten omvisning av Anne Lise. Rett etter omvisninga, fekk eg tildelt ein pult, og ei eiga datamskin som eg skulle bruke for mitt arbeid for veka. Eg fekk dele kontor med bilete og biletebehandlingsdama(Marit). Etter at eg hadde funne meg til rette på plassen min fekk eg min fyrste oppgåve som var å skrive om sjølvmelding og skatt (Noko som ikkje var ei enkel oppgåve for ein 17-åring) Eg jobba med denne oppgåva ei god stund denne dagen. Når det hadde gått ei stund bestemte Henning (annsvarleg for sportssaker i avisa) seg for at eg skulle få "ta litt fri" ved å reise ut ned ved brygga og prøve ut kameraet hans. I tillegg hadde dei fått inn tips om at det var kobbar/niser på fjorden, så om eg fekk auge på dei var det berre å ta bilder, men det fekk eg dessverre ikkje. Når eg hadde komme innatt etter ei stund ute, la Marit innpå bilda mine, og eg fortsatte med oppgåve mi.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar