Fredag 11. april:
Min siste dag på utplasseringa mi. Dagen starta ganske roleg, med småoppgåver. Deretter kom det ei gammal dame med eit lesarinnlegg, dette lesarinnlegget måtte eg skrive om for å deretter for å bli sendt til desk. Avisa skriv hovudsakleg på nynorsk, men den gamle dama blanda dei to skriftspråka, ho hella mest mot bokmål, så saman med Anne Lise bestemte me oss for at eg skulle skirve det heile på bokmål. Dama pratte om at det var blitt så mykje finare på veg ned til "sentrum" av Osøyro, i ein sving der som blei kalla for jordmorssvingen. Redaktøren ville eg i dette tilfelle skulle ut å ta bilde av området. dette gjorde eg rett etter eg hadde skrive om teksten og sendt den til desk. Dagen gjekk ganske så fort, og eg fekk tidleg fri sidan det var min siste dag. Eg fekk ei t-skjorte, og avis nummer 2 000 før eg reiste. Oppholdet mitt på Os og Fusa posten var heilt fantastisk. Eg hadde slettes ikkje noko lyst å reise der ifrå. Eg likte meg svært godt der. Eg fekk gjort masse forskjellig sjølv om det berre var ei veke. Dette var ein fin erfaring som eg nok ikkje så lett kjem til å glæyme. Og om eg får sjangsen til det seinare skal du ikkje sjå vekk i frå at eg reiser dit igjen, om det er ei ny utplassering eller noko anna.
mandag 14. april 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar